Om vaksinasjonen

Kommunen føl Folkehelseinstituttet sine føringar for kven som er prioriterte til å få vaksinasjon. Dette gjeld både helsepersonell og innbyggjarar.  

Vaksinasjon er gratis og frivillig, og den består av to dosar med minimum 21 dagar mellom 1. og 2.dose. Det vert avtalt tid for 2. dose når de får første dose. Me får førebels levert eit avgrensa tal dosar kvar veke, og difor vil vaksinasjon skje gradvis.

Meir informasjon om dette finn du på følgjande lenke:  Hvem kan få koronavaksine? - FHI

Prioriteringa er slik dei neste vekene:

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustader
Vaksinering for denne gruppa er ferdig.

Innbyggjarar over 85 år
Vaksinering for denne gruppa er ferdig.

Dersom det er personar i aldersgruppa over 85 år som ynskjer vaksine og som ikkje er kontakta av vaksinatør, ver venleg å ta kontakt med kundetorget i kommunen på telefon 53 45 85 00.

Innbyggjarar 75-84 år:
Personar i denne gruppa blir ringt til av helsepersonell tilsett i kommunen for avtale om oppmøte-tidspunkt for vaksinasjon. Ein er i gong med vaksinasjonen, og vil fortsetje med det dei kommande vekene.

Innbyggjarar 65-74 år, og enkelte personar med høg risiko i alder 18-64 år
Meir informasjon kjem når ein er kome til denne gruppa.

Innbyggjarar under 64 år
Meir informasjon kjem når ein er kome til denne gruppa

Helsepersonell blir vaksinert etter føringar frå Folkehelseinstituttet, og blir kontakta av vaksinatør/leiar for tidspunkt for vaksine. Når kommunen får levert vaksine frå AstraZeneca, er det førebels berre helsepersonell under 65 år som kan få denne.

Testing
Koronasenteret for Fitjar og Stord har adresse Ringvegen 24 på Heiane, og er å treffa på tlf.  53 49 66 66.  Du kan avtala time digitalt ved å fylgja denne lenka: https://helseboka.app/b/s/171934
Sentralen tek seg av testing, smittesporing og rettleiing i tilknytning til dette.

På lenkene under finn du informasjon på ulike språk som gjeld vaksinasjonen:

Polsk: ABC szczepionki na koronawirusa

Engelsk: Quick guide to the coronavirus vaccine

Arabisk: Arabisk