Hjerte

For tida er smittetala stabilt låge i Fitjar.  Difor er det ikkje behov for å kunngjera dei på heimesida framover.  Takk til alle som har følgt med på dei lokale smittetala dei siste to åra.

Regjeringa har avgjort gjenopning av samfunnet

På regjeringa sin pressekonferanse 12. februar vart det kunngjort omfattande endringar i dei nasjonale smitteverntiltaka.  Dette kan du lesa meir om i regjeringa si pressemelding.

Du finn fyldig informasjon om nasjonale råd som framleis gjeld på Helsenorge sine sider.

Slik går du fram om du har behov for å testa deg.

  • Har du symptom på koronasmitte kan du få ut gratis hurtigtest i kundetorget på rådhuset i opningstida kl 09.30 - 14:30.   

Gode råd som framleis er aktuelle:

  1. Dersom du er vaksen og kan ta i mot vaksine - vaksiner deg så snart som mogeleg. Ta kontakt med Fitjar helsestasjon på e-post  helsestasjon@fitjar.kommune.no eller tlf. 915 24 832, helst på SMS med namnet ditt, fødselsdato, og at du ynskjer vaksine.  
  2. Praktiser god hand- og hostehygiene
  3. Ver heime om du er sjuk

Fitjar kommune takkar innbyggjarane for god innsats under pandemien. Dette har bidrege til at me har komme godt ut av det når det gjeld smitte og sjukdom.