vaksine
Foto: Pixabay

Det er tid for influensavaksinering for sesongen 2020/2021. I år er influensavaksina gratis både for risikogruppene for alvorleg influensa, og for andre målgrupper for influensavaksinasjon.

Følgjande risikogrupper som er anbefalt influensavaksine:

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
    • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • Diabetes type 1 og 2
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsette immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, revmatoid artritt og andre sjukdomar)
    • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Influensavaksine er i tillegg tilrådd til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Det er også tilrådd å tilby pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse) til personar i risikogrupper som ikkje har teke denne vaksina dei siste 10 åra.

Gjennomføring av vaksinering i år

Det blir tilbod om vaksinasjon for nemnte målgrupper i Fitjar kommune på oppsette dagar. Fastlegane er oppmoda til å vaksinere risikopasientar ved ordinær konsultasjon.

NB! Eigenandel på kr. 50,- hjå fastlege, gratis ved frikort.

Personar som ikkje høyrer til målgruppene, har høve til å ta vaksine ved apotek eller hjå fastlegen. Ein må sjølv betale for vaksine og vaksinering.

Grunna smittevern vil ein organisere desse vaksinasjonsdagane som ifjor: 

  • Stad for vaksinasjon: Fitjar Kultur og Idrettsbygg.
  • Det blir sett opp alternative tidspunkt ut i frå kva månad ein er fødd i.
  • Vaksineringa vert gjennomført i puljar, der ein sikrar 1m avstand i kø og venteareal.
  • Dei frammøtte vil bli registrert og screena. Dersom ein har luftvegssymptom, er i karantene eller i isolasjon får ein ikkje kome inn.
  • Vidare vil dei frammøtte få utdelt munnbind etter handdesinfeksjon, til bruk under opphaldet.
  • Lokalet vert delt inn i ventesonar, vaksinasjonssonar og observasjonssonar. Dei vaksinerte vil ha ein annan utgangsdør enn den dei kom inn i.
     

Vel tidspunkt frå tabell under utifrå månad du er fødd:

  Tysdag 26.10 Torsdag 28.10 Fredag 29.10
Kl 08:00 Januar - Februar November - Desember Januar - Mars
Kl 09:00 Mars - April September - Oktober April - Juni
Kl 10:00 Mai - Juni Juli - August Juli - September
Kl 11:00 Juli - August Mai - Juni Oktober - Desember
  Pause 12:00 - 12:30 Pause 12.00 - 12:30 Slutt 12.00
Kl 12:30 September - Oktober Mars - April  
Kl 13:30 November - Desember Januar - Februar  
Kl 14:15 Januar - Februar November - Desember  

Pris ved vaksinasjonsdagane:

  • Influensavaksine: Gratis for målgruppene nemnt over
    • Hjå fastlege: Eigenandel på kr. 50 (gratis ved frikort)              
  • Pneumokokkvaksine kr. 500,-

Det vil berre vera mogleg å nytta betalingskort eller VIPPS.

For meir informasjon kring vaksinasjonsdagane, ta kontakt med Fitjar Helsestasjon: Tlf: 48 04 87 30 eller helsestasjon@fitjar.kommune.no

Elles sjå informasjon til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no