Influensavaksine og vaksine mot lungebetennelse

Det er framleis høve for å ta influensavaksine og vaksine mot lungebetennelse ved Fitjar Legesenter. Minnar om at Fhi no anbefalar lungebetennelsevaksine kvart 5.år. 

Koronavaksine

Fitjar kommune tilbyr 2.oppfriskingsdose koronavaksine (4.dose) for friske personar mellom 18 – 64 år. Denne gruppa er ikkje særskilt tilrådd 4.dose, men kan få den om dei ynskjer det. 

Personar over 65 år eller yngre med underliggjande sjukdomar er tilrådd 4.dosen. Desse kan få time til vaksinering om dei manglar tilrådde vaksinedosar. 

Det må vera minimum 4.mnd mellom kvar oppfriskingsdose. Gjennomgått koronasjukdom vil gje god beskyttelse den første tida etter du har vore sjuk, og du kan difor vente 3-4 mnd før du får ny vaksine. Om du likevel ynskjer tidlegare oppfriskingsdose, må det ha gått minimum 3 veker sidan tilfrisking, men eit lenger tidsintervall vil gje ein betre immunrespons. 

Tidspunkt: Ta kontakt med leiande helsesjukepleiar, tlf: 915 24 832 for timeavtale eller andre spørsmål kring koronavaksine. Du kan og bestille time via e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no 

Stad for vaksinasjon: Avtalt vaksinasjon skjer hjå Fitjar helsestasjon, Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar

 

For meir informasjon, sjå heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no