Har DU lyst på ein sommarjobb der arbeidstida er om natta? Er DU ein student eller person med erfaring frå liknande arbeid? Då kan dette vera sjansen til å gjera ein viktig jobb for nokre av Fitjar kommune sine innbyggjarar i sommar. 

Kven ser me etter? 

  • Studentar med erfaring frå arbeid innan helse og omsorg
  • Personar med livserfaring og erfaring frå arbeid innan helse og omsorg
  • Personar med fagutdanning som helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med vidare 

Du vil i stillinga inngå i kommunalt løn- og arbeidsvilkår, med tillegg for arbeid på kveld/natt og helg. 

Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande, og ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med Einingsleiar Olav Sande, tlf: 936 09 390 eller Lillian Kongestøl Vik, tlf: 974 66 296