ID 922 Barne- og ungdomsarbeidar 100 % fast Svingen barnehage
Frå 01.10.24 er det ledig ein fast 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Svingen barnehage
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Barnehagen ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har fire avdelingar med 58 barn til saman.
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. Svingen barnehage har to fokusområde barnehageåret 2024-2025.
- Garden og lokal matproduksjon. Me ynskjer ha fokus på berekraftig utvikling kor me vil ta barna med på arbeidet i drivhuset vårt. Me ynskjer samstundes halda fram med arbeidet me starta førre barnehageår kor me blir betre kjend med lokale gardstradisjonar.
- <<Overgangar>> -minke stressnivået til barna i dei ulike stega dei blir sendt ut i. Alle barna skal kjenna seg inkluderte uansett kva utfordringar dei har. Me skal jobba for at dei er trygge i overgangane og kan meistre dei nye utfordringar som kjem.
Me søkjer etter medarbeidarar som har:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidaranna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert
- Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
- Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
- Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
- Evne og kunnskap til å engasjera deg i leiken på det nivået barnet treng deg
Me kan tilby:
- Personleg og fagleg utvikling
- Gode rammevilkår
- Løn etter avtale
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her
Visit Fitjar har informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her.