Ved eining for heimebaserte tenester, har me ledig 100 % vikariat for helsefagarbeidar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.
Det er ynskjeleg med tiltreding så snart som mogleg. Vikariatet går førebels fram til 31.08.24 og kan verta forlenga.
Me søkjer deg som:
- Har autorisasjon.
- Kan vise til gode samarbeidsevner.
- Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
- Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
- Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
- Har gode norskkunnskapar
- Har godkjend politiattest.
- Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
- Løn etter tariffavtale for kommunal sektor
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Opplæring og vegleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.
Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Olav Sande tlf: 936 09 390.
Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Søknadsfrist:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande . Søk elektronisk her.