Ved Fitjar bu- og behandlingssenter, har me ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.

Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein demens avdeling. Ledig stilling er ved somatisk avdeling.

 Me søkjer deg som:

  • Har autorisasjon.
  • Kan vise til gode samarbeidsevner.
  • Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
  • Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
  • Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
  • Har gode norskkunnskapar
  • Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
  • Løn etter tariffavtale for kommunal sektor.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Opplæring og vegleiing.

 Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.

Den som vert tilsett må levera godkjend politiattest

 Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte avdelingsleiar Kari Bjelland Vik

tlf: 9322 2669.

 Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

 Søknadsfrist:

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande .                                             Søk elektronisk her.