Fitjar kommune har ledige helgestillingar i 16,9 % stilling med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad i heimesjukepleien og sjukeheimen.  

 

Kvalifikasjonar:

  • Gjerne helsefagarbeidar, men ufaglærte kan også søkje. Stillingane passar godt for studentar
  • Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg
  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov
  • Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift

 

Me tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • God opplæring og rettleiing

 

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

 

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Olav Sande, einingsleiar pleie- og omsorg, tlf. 9360 9390

 

Søknadsfrist: fortløpande   Søknadsskjema finn du her.