Fitjar kommune lyser ut 60% vikariat  som reinhaldar frå 1.1.2024  til 31.12.2024. Med moglegheit for tidlegare oppstart.

Stillinga høyrer til under etaten Samfunnsutvikling og drift, som har ansvaret for reinhald på skuler, barnehage, rådhus og bygga knytt til teknisk drift. Stillinga er for tida hovudsakeleg knytt til Øvrebygda skule.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Reinhald på dei aktuelle bygga, både dagleg reinhald og periodisk/årleg reinhald

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør er ynskjeleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Kunna arbeida sjølvstendig
  • Førerkort klasse B og disponere bil
  • Beherska norsk skriftleg og munnleg

 

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • God forsikrings- og pensjonsordning

 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For spørsmål kring stillinga, ta kontakt med leiande reinhaldar Hildegunn Helland, tl.f 971 55 686.

 

Søknadsfrist: 24. september 2023.

Send søknad og CV elektronisk via vårt søknadssystem ved å klikke her