Kommunen søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i vikariat til bustad i Øverbygda for bebuar med ulike hjelpebehov kor det er 1-1 bemanning.
Vikariatet gjeld for perioden medio august 2023 til september 2024 med moglegheiter for forlenging.
Stillinga inneber arbeid i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Den som vert tilsett vil få moglegheiter til å ta ekstravakter.
Kvalifikasjonar:
Person med bachelorutdanning i vernepleie, sjukepleie, eventuelt anna relevant høgskule utdanning eller fagarbeidar. Studentar i relevante fag er også velkomen til å søkje.
- Du har evne til å formidla ro og fred rundt seg,
- har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring
- har interesse for å skape eit godt samarbeid mellom bebuar, pårørande og tilsette,
- er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet,
- likar å vere aktiv saman med bebuarane,
- Har sertifikat på bil
Menn vert oppmoda om å søkje.
Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid.
Personlege eigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.
Arbeidsoppgåver:
Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.
Fitjar Kommune kan tilby :
Løn etter kommunal hovudtariffavtale
God forsikring-og pensjonsordning
Godt arbeidsmiljø
Vegleiing, og opplæring
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta avdelingsleiar Ane Huus Edvardsen tlf: 404 93 971 eller etatsjef helse og omsorg Anne Økland tlf; 909 86 971
Søknadsfrist: 22.06.23 Søknadsskjema finn du her