Eining for Habilitering gir tenester til personar med funksjonshemming/utviklingshemming. Ferievikarar går i ordinær turnus (arbeid dag, kveld, natt og annan kvar helg).
Arbeidsstad:
- Avdeling i Havnahuset
- Avdeling Gartneritunet og bustad i Øvrebygda
Periode: veke 25 til og med 32 (19. juni tom 13. august).
Sommarjobb i desse tenestene inneber turnusarbeid dag, kveld, natt, arbeid anna kvar helg- og langturnusordning. Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag.
Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing.
ME SØKJER DEG SOM:
- Fyller 18 år i nær framtid og har interesse for omsorgsarbeid.
- Er autorisert helsepersonell.
- Studentar i t.d sjukepleie/vernepleie/anna helsefagleg høgare utdanning/lærarutdanning. Også barne-og ungdomsarbeidarar er aktuelle.
- Andre med interesse/røynsle.
- Har førarkort
ME TILBYR:
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø.
Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med etatsjef helse og omsorg Anne Økland tlf. 909 86 971.
Oppgje i søknaden:
- kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.
- om du har førarkort.
Søknadsfrist: Fortløpande. Søknadsskjema finn du her.