Fitjar kommunen søkjer ein nytenkjande og moglegheitsorientert einingsleiar, som kan samordna og utvikla eininga med framtidsretta og effektive løysingar. Ansvarsområdet omfattar f.t. 20 institusjonsplassar og 4 kortidsplassar, reinhald og institusjonskjøken og heimesjukepleien. Eininga har om lag  64 årsverk i 2022.

Helse, sosial omsorgsetaten i Fitjar står framføre ein omstillingsperiode for å møta demografiske endringar – endringar som mellom anna vert førebudd ved vedtaking av Helse og omsorgsplanen i år. Som einingsleiar blir du sentral i utvikling av og oppfølging av denne og andre planverk, samstundes som du vil ha eit ansvar for å utvikla eit godt totaltilbod i institusjon og heimesjukepleien.

Fitjar kommune har ei særskilt fokus på å få til tilbod tilpassa den enkelte bebuar og deira pårørande. I ditt arbeid vil du samhandla tett med andre leiarar, fagpersonar, og engasjerte tilsette i etaten.

Me vil leggja stor vekt på dine leiareigenskapar og kommunikasjonsevner. God økonomiforståing, overblikk og evne til å handtere både strategiske og operative utfordringar vil være ein styrke i stillinga. Stillinga rapporterer til etatsjef, og inngår både leiargruppa i Helse, sosial og omsorg og Leiarforum.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna leiing og utvikling av eininga, samt dagleg drift
  • Overordna ansvar for økonomi, fag og personal for eininga
  • Gjennomføring av mål og vedtak
  • HMS/arbeidsmiljø, internkontroll, kvalitet og kompetanse
  •  
  • Kvalifikasjonar:
  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning med bachelor grad, med leiarutdanning. Lang relevant realkompetanse innan leiing kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Leiarerfaring frå helse- og omsorgssektoren, med kjennskap til relevante lovverk og økonomistyring
  • Målretta, strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • Evne til fleksibilitet, kreativitet, sjølvstendig arbeid
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, høg relasjonskompetanse, og gode datakunnskapar


Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt ved tilsetjing.

 

Me kan tilby:

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Ei stilling med stor fridom, i ei eining i utvikling.
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • God offentleg pensjonsordning
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd).

 

Tilsetjing skjer etter ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


For nærare info om stillinga ta kontakt med etatsjef Anne Økland (90 98 69 71).

Om Fitjar kommune:

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer. Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 190 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Søknadsfrist: 10.12.22                           Søk på stillinga her.