Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helg. Timetalet kan variere frå cirka 2 timar i veka og oppover. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand, kan avtale tid og stad for aktivitetar. For å skapa stabilitet for brukar, bør du kunne binde deg over ein lengre periode.

Arbeidsoppgåver

  • Ein støttekontakt er ein ven, ledsagar og motivator for personar som treng det skal koma seg ut på fritidsaktivitetar saman med andre.

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 18 år og ha i ein stabil livssituasjon
  • Du bør vera sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finn glede i å hjelpa andre mennesker.
  • Du er strukturert og god på kommunikasjon
  • Du forstår og snakker godt norsk
  • Du er mottakelig for råd og rettleiing
  • Me ynskjer at oppdraget skal vere meiningsfylt for både deg og den du er støttekontakt for.
  • Gyldig politiattest vert krevd
  • Det er ein fordel om du har sertifikat og bil.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera interessert i å jobbe med menneske,
  • god på å skape gode relasjonar
  • Du ynskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid

For stillinga gjeld:

  • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Fitjar kommune
  • Køyregodtgjering

 

Søknadsfrist: fortløpande                          Søknadsskjema finn du her