Er du vår nye kommuneoverlege og fastlege?

Ved Fitjar legesenter er det ledig fastlegeheimel frå 1. september 2022. Lista knytt til stillinga er i dag på 900 personar. Stillinga som kommuneoverlege er på om lag 20 % og erstattar krav om andre tilplikta kommunale oppgåver.

Kommunen er godkjend utdanningsverksemd, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling.

Ved legesenteret jobbar det i dag to andre fastløna allmennlegar samt lege i spesialisering (LIS1). Det er valfritt om du vil vera kommunalt tilsett eller sjølvstendig næringsdrivande.

Som fastlege i Fitjar kommune vil du ha plikt til å delta i akuttmedisinsk beredskap på kvardagar frå klokka 08-15 med intern vaktfordeling, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og den er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis. Det interkommunale selskapet driv også øyeblikkeleg hjelp døgntilbod i same bygget.

Stillingsomtale:

  • Fastlegeoppgåver ved legesenteret.
  • Utføra samfunnsmedisinske oppgåver i samsvar med lovverk, herunder  folkehelselova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova (ansvarleg smittevernlege).
  • Tilsyns- og samarbeidande oppgåver innan miljøretta helsevern og folkehelsearbeid.
  • Medlem i kommunen si kriseleiing.
  • Medisinskfagleg rådgjevar for kommuneadministrasjonen vedrørande helsetenester og førebyggjande arbeid.
  • Medisinskfagleg samhandling med helsemynde, helseføretak, samarbeidskommunar og andre eksterne samarbeidspartnarar.
  • Andre samfunnsmedisinske oppgåver som vegleiing og undervisning.
  • Bistå med tilrettelegging og rettleiing for LIS1 og LIS3.

 Fitjar kommune søkjer deg som:

  • Er offentleg godkjent lege og har norsk autorisasjon, helst med tilleggsutdanning innan samfunnsmedisin og/eller allmennmedisin.
  • Er innstilt på å delta i allmennlege- og kommuneoverlegeoppgåver i kommunen.
  • Ønskjer å bidra til ei god folkehelse i kommunen og har evne til å tenka heilheitleg og førebyggande.
  • Kan norsk eller eit nordisk språk godt både munnleg og skriftleg
  • Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.
  • Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.
  • Har førarkort for personbil og disponerer eigen bil.
  • Grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy

 Relevant erfaring vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar. Det vert lagt vekt på fagleg dugleik, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet.

  Fitjar kommune tilbyr:

  • Opparbeidd liste
  • Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
  • Moglegheit til å velje næringsdrivande praksis med 8.2 avtale.
  • Godt samarbeid med den kommunale helseadministrasjonen.
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.
  • Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs.
  • Bistand med å finna bustad.

 Om kommunen:

Fitjar er ein øykommune med vel 3100 innbyggjarar. Kommunen ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland og har urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger.

Fitjar kommune har om lag 200 dyktige medarbeidarar som gjer ein god innsats for at innbyggjarane skal he ein meiningsfull og god kvardag. Som lege hjå oss vert du med på å byggje dette laget vidare. Fitjar kommune er opptatt av høg kvalitet på helsetenestene og at pasientane våre får god service. For å lykkast vidare i dette arbeidet søkjer kommunen deg som deler vår målsetnad og er ein kollega som fremjar fellesskap og samarbeid i fagmiljøet.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande. Nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja.

Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Gode referansar vedrørande fagleg kompetanse og personlege eigenskapar i høve samarbeid blir vektlagd.

Vurdering av søknadar og tilsetjing skjer fortløpande.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar for legetenesta, Janett Sofie Svendsen (telefon 906 37 805), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971).

Søknadsfrist: fortløpande       Søknadsskjema finn du her.