Ved Fitjar bu- og behandlingssenter og i heimebaserte tenester, har me ledig helgestillingar for  assistentar/helsefagarbeidar/fagarbeidar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld kvar 3. helg på 16,9 % eller 12,9 %.

Me søkjer deg som:

  • Har autorisasjon, eller er student, ungdom, heimarbeidande eller deltidstilsett.
  • Kan vise til gode samarbeidsevner.
  • Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
  • Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
  • Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
  • Har gode norskkunnskapar
  • Har godkjend politiattest.

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
  • Årsturnus
  • Løn etter avtale.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Opplæring og vegleiing.

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte avdelingsleiar Kari Bjelland Vik tlf: 932 22 669. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

Søknadsfrist: 20.08.22.                                   Søk elektronisk her.