Fitjar kommune søkjer etter to støttekontaktar for to ungdommar, gut og jente.
Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helg, 6 timar pr veke. Du får
eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand, kan avtale tid og stad for aktivitetar. For
å skapa stabilitet for brukar, bør du kunne binde deg over ein lengre periode.
Arbeidsoppgåver
• Ein støttekontakt er ein ven, ledsagar og motivator for personar som treng støtte for å
koma seg ut på fritidsaktivitetar.
Kvalifikasjonar
• Du må vere over 18 år og ha i ein stabil livssituasjon
• Du bør vera sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finn glede i å hjelpa
andre menneske.
• Du er strukturert og god på kommunikasjon
• Du forstår og snakkar godt norsk
• Du er mottakeleg for råd og rettleiing
• Me ynskjer at oppdraget skal vere meiningsfylt for både deg og den du er støttekontakt
for.
• Gyldig politiattest vert krevd
• Du må ha bilsertifikat.
Personlege eigenskapar
• Du må vera interessert i å jobbe med menneske,
• God på å skape gode relasjonar
• Du ynskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid
For stillinga gjeld:
• Løn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Fitjar kommune
Spørsmål om støttekontakt oppdraget kan du rette til Sigrid Fossum, personalrådgjevar tlf: 913
88 048.
Søknadsfrist: Fortløpande Søknadsskjema finn du her.