Ved Fitjar bu- og behandlingssenter, har me ledig 70 % fast stilling for sjukepleiar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling.
Ledig stilling er ved skjerma avdeling.
Me søkjer deg som:
- Har autorisasjon.
- Kan vise til gode samarbeidsevner.
- Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
- Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
- Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
- Har gode norskkunnskapar
- Har godkjend politiattest.
- Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
- Årsturnus
- Løn etter tariffavtale for kommunal sektor
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Opplæring og vegleiing
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.
Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte avdelingsleiar Kari Bjelland Vik
tlf: 932 22 669. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Søknadsfrist: 20.08.22. Søk elektronisk her.