Eining for habilitering søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i fast stilling til bustad i Øvrebygda for bebuar
med ulike hjelpebehov kor det er 1-1 bemanning. Stillinga innebere turnus med dagvakter, langvakter og
arbeid kvar 4 helg. Stillinga er ledig frå 1. september 2022.
 
Me søkjer etter:
Person med bachelorutdanning i vernepleie, sjukepleie, eventuelt anna relevant høgskule utdanning eller
fagarbeidar innan helsefag.
 
Som har:
Evne til l å formidla ro og fred rundt deg,
Har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring
Har interesse for å skape eit godt samarbeid mellom bebuar, pårørande og tilsette
Er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet Likar å vere aktiv saman med bebuar
Har sertifikat på bil med manuell gir Likar å arbeide sjølvstendig
Menn vert oppmoda om å søkje.
Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid.
Personlege eigenskapar,
samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.
 
Arbeidsoppgåver: Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.
 
Fitjar Kommune kan tilby : Løn etter kommunal hovudtariffavtale God forsikring-og pensjonsordning Godt
arbeidsmiljø Vegleiing, og opplæring Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og
attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare
dato.
 
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta Avdelingsleiar Modgunn Trovåg Vik tlf: 902 37 938.
 
Søknadsfrist: 10.08.2022                                                                                        Søk elektronisk her