Det er frå snarast ledig 50 % fast stilling som jordmor ved Fitjar Helsestasjon. Jordmor arbeidar etter gjeldande lover, retningslinjer og rettleiarar knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid. Retningslinjer for svangerskaps- og barselomsorga er i tillegg førande for arbeidet. Fitjar helsestasjon er etablert under etat for oppvekst, kultur og førebyggjande helse. Helsestasjonen har tilsett 4 helsesjukepleiarar og 1 jordmor, og er knytt opp mot helsestasjonslege og kommunal fysioterapeut.

Aktuelle arbeidsoppgåver: 

  • Svangerskapsomsorg med prøvetaking
  • Rettleiing/individuelle samtalar kring graviditet, fødsel, amming og barseltid
  • Heimebesøk
  • Etterkontroll/prevensjonsrettleiing
  • Arbeid ved Helsestasjon for ungdom
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg utvikling av tenesta

Kvalifikasjonar:

  • Krav om autorisasjon som jordmor
  • Rekvisisjonsrett i høve prevensjon
  • Fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta, og frå føde- og barselarbeid

Me søkjer deg som:

  • Brenn for kvinnehelse
  • Har oppdatert fagleg kunnskap
  • Er strukturert og sjølvstendig – kjent med organisering av eigen arbeidskvardag
  • Er fleksibel og samarbeidsvillig
  • Er engasjert, motivert og målretta i sin arbeidskvardag
  • Har erfaring frå systemretta arbeid som «Tidleg Innsats» og Betre tverrfagleg innsats (BTI)
  • Har gode IKT-kunnskapar
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har gode munnlege engelskkunnskapar er ein fordel
  • Har førarkort og disponerer eigen bil
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Triveleg og tverrfagleg miljø
  • Fleksible arbeidsforhold
  • Ei teneste under utvikling
  • Høgt fagleg nivå og engasjement

Løns- og arbeidsvilkår etter avtale for stillingskode 8209 Jordmor. Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til leiande helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen tlf. 416 41 087 eller etatsjef for oppvekst og kultur John Karsten Raunholm tlf. 975 01 370.

Søknadsfrist  12. desember. Søknadsskjema finn du her.