Ved Fitjar bu- og behandlingssenter, har me ledig 75 % fast stilling på natt for helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Tiltreding 28.02.2022.

Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling.

Me søkjer deg som:

  • Har autorisasjon.
  • Kan vise til gode samarbeidsevner.
  • Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
  • Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
  • Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
  • Har gode norskkunnskapar
  • Har godkjend politiattest.
  • Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
  • Årsturnus
  • Løn etter avtale.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Opplæring og vegleiing.

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

Søknadsfrist: 08.12.2021.                                Søk elektronisk her.