I Heimebaserte tenester har me ledig 51,60 % fast stilling på natt for sjukepleiar, arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad er inne på Havnahuset.

Havnahuset bu- og servicesenter består av omsorgsboligar for eldre med ulikt hjelpebehov. I underetasjen held avdeling habilitering til.

Som nattevakt må du rekne med å jobbe med begge grupper bebuarar.

Me søkjer deg som:

Har godkjend autorisasjon.

Har gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg. 

Har gode evner til å jobbe sjølvstendig og samarbeida med andre

Har interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov.

Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift.

Røynsle frå bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

Me tilbyr:

Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk. 

God forsikrings- og pensjonsordning.

God opplæring og vegleiing.

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju.

Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 974 67 069

Søknadsfrist: 08.12.21.                                       Søknadsskjema finn du her.