SentrumR1
Foto: Roald Drønen

Fitjar kommune søkjer ein nytenkjande og inkluderande kommunedirektør, som kan leia kommunen vidare gjennom tydeleg samfunnsutvikling, økonomistyring og smart tenesteyting.

Kommunedirektøren/rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, med ansvar for samordna utøving av kommunale oppgåver. Strategisk leiing, organisasjonsutvikling og økonomistyring er sentrale oppgåver som ligg til stillinga.   Ei viktig oppgåve er å leia og sikre ei vidare, positiv utvikling av kommunen, gjennom førebuing og gjennomføring politiske vedtak. Det same gjeld for kommunikasjon og samhandling med innbyggjarar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.

Me ynskjer ein kommunedirektør med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning på høgskule/universitetsnivå, samt leiarerfaring fortrinnsvis frå offentleg sektor.
  • Strategisk dyktig, løysningsorientert og med god gjennomføringsevne
  • Solid økonomiforståing, samt kunnskap om nærings- og organisasjonsutvikling.
  • Har gode leiareigenskapar og innsikt i tilhøve mellom politikk/administrasjon og trepartsamarbeidet der dei tilsette er med.  
  • Er tillitsvekkande og har godt humør, samt evne til å motivera, kommunisera, samarbeida og skapa eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt – me ynskjer ein trygg og tillitsvekkande leiar

Fitjar kommune kan tilby ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein veksande kommune. Løn etter avtale, samt god pensjonsordning og godt arbeidsmiljø. Tittel på stillinga vert avgjort etter samråd mellom kommunen og den som vert tilsett.

Dersom søkjar ønskjer å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista.

Søkjaren vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta kontakt med ordførar Harald Rydland på telefon 913 47 802 for meir informasjon.

Søknadsfrist 19. september 2021. Søk elektronisk på stillinga her

Om arbeidsgjevaren:

Fitjar kommune vert rekna som småkommune i innbyggjartal, men er stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 150 innbyggjarar og er i positiv vekst, i ein bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Bergen og Haugesund.