Kommunen søkjer etter miljøarbeidar/miljøterapeut i 19,37 % helgevikariat ved Gartneritunet for bebuarar med ulike hjelpebehov. 

 

Stillinga inneber langvakter kvar 4. helg, med arbeid fredag og langvakter laurdag og søndag. Vikariatet gjeld frå veke 33 og fram til 31.01.22 med moglegheit for forlenging.

Gartneritunet består av 6 leilegheiter i eit bufellesskap der det bur unge personar med ulike hjelpebehov. Gartneritunet skal vera ein god stad å vera og ein god stad å leva.

 

Me søkjer etter:

  • autorisert helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, høgskuleutdanna, studentar i relevante fag, eventuelt andre med relevant kompetanse
  • du har evne til å formidla ro og fred rundt seg
  • har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring og
  • har interesse for å skape eit godt samarbeid mellom bebuar, pårørande og tilsette
  • er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet
  • likar å vere aktiv saman med bebuarane
  • Har sertifikat på bil

 

Det er ønskjeleg med røynsle frå arbeid i liknande bufellesskap. Personlege eigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.

 

Arbeidsoppgåver:

Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.  

 

Fitjar Kommune kan tilby :

  • Løn etter tariff
  • God forsikring-og pensjonsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • God vegleiing, og opplæring

 

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta

Avdelingsleiar Modgunn Trovåg Vik tlf: 902 37 938 eller einingsleiar Lillian Kongestøl Vik tlf: 974 66 296.

 

Søknadsfrist: 10.08.21                                    Søknadsskjema finn du her