Frå 01.08.21  - 31.07.22 er det ledig 50 % vikariat som spesialpedagog  i Fitjar kommune

Spesialpedagogen vert kopla opp mot barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagane i Fitjar kommune

Me søkjer etter  medarbeidarar som har:

  • Barnehagelærarutdanning / lærarutdanning
  • Tilleggskompetanse i spesialpedagogikk

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudarbeidsområdet er å yta spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn etter Barnehagelova § 31
  • Arbeide kunnskapsbasert og systematisk for å tilpassa opplæringa for enkeltbarn og barnegrupper.
  • Bruka alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) for barn som treng det
  • Reflektera over eigen praksis, ta imot vegleiing og halda seg fagleg oppdatert
  • Fremja eit godt samarbeid med føresette og personalet
  • Samarbeida med barnehagane i kommunen, PPT, Statped, og NAV

Me kan tilby:

  • Personleg og fagleg utvikling
  • Gode rammevilkår
  • Løn etter avtale

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til etatssjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.

Søknadsfrist: 15. juni 2021                              Søknadsskjema finn du her.

Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.