Selevik skule  har ledig om lag 16 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar ved grunnskuleopplæringa i perioden 01.08.2021 – 31.07.2022.

Stillinga er kopla opp mot ei elevgruppe ved skulen.

Arbeidstid:
Tysdag:        kl. 10.15 – 13.00
Onsdag:        kl.  08.30 – 10.00
Fredag:        kl. 08.30 – 10.00 og kl. 10.45 -11.15

Me søkjer etter ein medarbeidar som har:
• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar – eventuelt anna relevant utdanning
• Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til rektor Elisabeth Kjærland, telefon 991 63 901, eller etatsjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.

ID 673 og ID 674 kan kombinerast av same søkjar dersom det er ynskjeleg.

Søknadsfrist: Søndag 23. mai.                                        Søknadskjema finn du her.