NAV Fitjar har ledig 1 x 100 % prosjektmedarbeiderstilling. Hovudoppgåvene til denne stillinga består av å følgje opp ungdom (18 - 30 år) med rus og psykiske utfordringar, stillinga inneber også at du skal vere ein koordinator mellom dei kommunale tenestene rus, psykisk helse og NAV.

NAV har som oppgåve å avklare og skaffe relevant arbeidskraft til offentlege og private verksemder. For å lykkast med samfunnsoppdraget vårt er me avhengig av god dialog og utstrakt samhandling med arbeidsgivarar og aktuelle samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukarar om arbeid og aktivitet.
  • Heilhetleg oppfølging og kartlegging av ungdom med rus-/psykiatriutfordringar.
  • Oppfølging av brukar gjennom informasjon, råd og rettleiing og bistå brukarar i søknadsprosessar.
  • Lage individuelle planar.
  • Søkje om plass i omsorgs-, rehabiliterings- og behandlingsinstitusjonar.
  • Saksbehandle i NAV sine fagsystem etter lovverk på gjeldande områder
  • Oppfølging gjennom heimebesøk.
  • Tverrfagleg samarbeid og koordinering mellom kommunen sine tenestetilbod og andre relevante samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på diplom/bachelorgrad.
  • Der er ønskjeleg at søkjer har erfaring frå arbeid med rusavhengige og psykisk helsearbeid og rettleiingskompetanse frå studie og/-eller praksis.
  • Du snakkar og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig.
  • Har gode IKT kunnskapar.
  • Førarkort klasse B.
  • Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Ha eit menneskesyn som støttar opp under NAV sine verdiar og visjon.
  • Du må være sjølvstendig og kunne arbeide systematisk og heilhetleg.
  • Målretta, fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må være ein god relasjonsbyggjar og dyktig i motivasjonsarbeid.
  • Ha evne til nytenking og være løysningsfokusert.
  • God  munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Personlege  eigenskapar vert vektlagt.

Me i tilbyr

  • Spanande  og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Gode moglegheiter for eigenutvikling gjennom eit stort internt arbeidsmarknad.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
  • God forsikring og pensjonsordning.
  • God opplæring og rettleiing.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Spørsmål kring stillinga kan rettast til einingsleiar Magnhild Grov, NAV Fitjar tlf. 48054332

Me gjer merksam på at kun elektroniske søknader via denne nettsida, levert innan fristen, vert vurdert.

Søknadsfrist  26.04.21                                              Søknadsskjema finn du her.