Eininga gir tenester til personar med funksjonshemming/utviklingshemming. Både i ordinær turnus (dag, kveld, natt annan kvar helg-).

Arbeidsstad:

  • Avdeling i Havnahuset
  • Avdeling Gartnertunet og bustad i Øvrebygda

Periode: veke 25 til og med 32 (21. juni tom 15. august).

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med einingsleiar Lillian Kongestøl Vik tlf. 53 45 86 17/960 40 369,  eller avdelingsleiar Modgunn Trovåg Vik tlf. 902 37 938   

Sommarjobb i desse tenestene inneber turnusarbeid dag, kveld, natt, arbeid anna kvar helg- og langturnusordning.  Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag.  Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

ME SØKJER DEG SOM:

  • Fyller 18 år i nær framtid og har interesse for omsorgsarbeid.
  • Er autorisert helsepersonell.
  • Studentar i t.d sjukepleie/vernepleie/anna helsefagleg høgare utdanning/lærarutdanning. Også barne-og ungdomsarbeidarar er aktuelle.
  • Andre med interesse/røynsle.
  • Har førarkort

ME TILBYR:

Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø. 

Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.

Oppgje i søknaden:

  • kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.
  • om du har førarkort.

 Søknadsfrist fredag 06.04.2021                                                                                    Søknadsskjema finn du her.