Fitjar kommune søkjer ferievikarar til Heimebaserte tenester og til Fitjar bu- og behandlingssenter.
Periode: veke 25 til og med 32 (21. juni tom 15. august).
Sommarjobb i heimebaserte tenester og på sjukeheimen inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og arbeid anna kvar helg. Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag. Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med einingsleiar Iren Mari Hamborg, tlf: 53 45 86 18/976 67 069
ME SØKJER DEG SOM:
- Fyller 18 år i nær framtid og har interesse for omsorgsarbeid.
- Er Autorisert helsepersonell.
- Studentar i t.d sjukepleie/vernepleie/anna helsefagleg utdanning.
- Andre med interesse/røynsle.
- I heimesjukepleien må du ha førarkort for bil.
ME TILBYR:
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø.
Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.
Oppgje i søknaden:
- kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.
- om du har førarkort.
Søknadsfrist 06.04.2021 Søknadsskjema finn du her.