Fitjar kommune skal dei næraste åra gjere stor investeringar i  utbetring av eksisterande og etablering av ny infrastruktur innan vatn-, overvass- og avløpssystem i tråd med ny Hovudplan for vatn og avløp. Det pågår eit viktig arbeid med digitalisering i teknisk sektor. Vi har behov for å styrke vår kapasitet i VA avdelinga.

Ansvarsområde og hovudarbeidsoppgåver:

  • Drifte kommunens vassverk, og infrastruktur til dette. Drifte kommunens avlauspsreinseanlegg, pumpestasjoner og infrastruktur til dette.
  • Generelt vedlikehald på nett og anlegg
  • Vassprøvetaking
  • Aktivt lekkasjesøk
  • Moglegheit for å inngå i vaktordning
  • Prosjektplanlegging og –styring innenfor vann, avløp
  • Økonomistyring og kvalitetssikring av prosjekt.
  • Samarbeid med andre avdelingar og einingar, herunder gje uttalar innan fagområdet i plan- og byggesaker
  • HMS

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som røyrleggar, innan anlegg eller liknande. Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse.
  • Stor grad av initiativ, struktur og ansvar
  • ADK er ønskeleg
  • Førarkort klasse B
  • Må beherska norsk munnleg og skriftleg
  • Vera fleksibel og kunne stille opp på kort varsel
  • Vera serviceinnstilt
  • Gode datakunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Erfaring med leiing av tverrfaglige prosjekter og kontraktsoppfølging er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevne
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Høg etisk standard
  • Sterk gjennomføringsevne
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Personlege eigenskapar vil verte vektlagd. Det vil verta teke omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarar i organisasjonen.

Me kan tilby:

  • Varierte, spannande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • Eit godt og kompetent arbeidsmiljø med hyggelege og engasjerte medarbeidarar
  • Løn etter avtale, samt god pensjonsordning

Spørsmål om stillinga

Teknisk sjef Randi Karin Habbestad Telefon: 950 37 035 E-post: rhab@fitjar.kommune.no. Driftsoperatør Karl Magne Engesund

Telefon: 908 56 847 E-post: kaen@fitjar.kommune.no.

Dersom søkjar ønskjer å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista.

Søkjaren vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Om arbeidsgjevaren:

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 175 innbyggjarar.

Avdeling for teknisk og drift har i dag av omlag 12 årsverk, og er organisert i same etat som plan- og utvikling, og landbruk og miljø. Me er oppteken av framtidsretta og effektive løysingar innan klima og miljø, der vatn- og avløp, energiløysingar og innkjøp er viktige saksfelt. Arbeidsmiljøet i avdeling for utvikling og drift er sosialt og uformelt.

Søknadsfrist 01.02.2021                                  Søknadsskjema finn du her.

Anna:

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.