Grunna store investeringar på VA-anlegget vårt, søkjer Fitjar kommune ein sjølvstendig og erfaren prosjektleiar i 100 % fast stilling.

Stillinga er oppretta i samband med dei ambisiøse investeringsplanane angitt i ny Hovudplan for vatn og avløp. Eksempel på prosjekt er utskifting av delar av hovudledningsnettet, og etablering av nye reinsestasjonar for avlaup. Parallelt med dette skal eksisterande anlegg driftast, og sektoren digitaliserast. Me ynskjer difor å styrka både den strategiske og operative kapasiteten i avdelinga vår.

Då avdelinga er lita og aktiviteten høg, vil arbeidskvardagen vera travel og variert. Fitjar kommune søkjer ein sjølvstendig og erfaren prosjektleiar som kan levere prosjekt på tid, innanfor budsjett og med rett kvalitet.

Hovudoppgåver:

  • Prosjektleiing, planlegging og administrasjon av VA-entreprisar, inkludert framdrifts-, kvalitets- og økonomistyring
  • Kontraktsoppfølging
  • Kontroll av anleggsutføring
  • Drift og vedlikehald av eksisterande VA anlegg
  • Arbeid med lekkasjeforebygging
  • Planlegging av framtidig VA-infrastruktur
  • Digitalisering og effektivisering i sektoren
  • Ivareta VA sine interesser i tverrfaglege prosjekt

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant teknisk utdanning på masternivå. Evt. relevant utdanning på bachelornivå eller fagskole med dokumentert prosjektleiarerfaring og oppnådde resultat.
  • Solid erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar eller frå tilsvarande roller med gjennomførings- og resultatansvar.
  • Kompetanse / erfaring med vatn og avlaup og offentleg anskaffingar er ei føremon
  • God kompetanse innan HMS/SHA og risikostyring
  • God norskspråkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • Gode kommunikasjonsevner (skriftleg og munnleg), datakunnskapar, førarkort kl B

Ynskjelege personlege eigenskapar:

  • Sterkt fokus på kvalitet
  • God på kommunikasjon med interne og eksterne aktørar
  • Proaktiv i høve til dagleg drift
  • Utviklings- og prosessorientert
  • Løysningsorientert
  • Systematisk, dyktig og effektiv

Personlege eigenskapar vil verte vektlagd. Det vil verta teke omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarar i organisasjonen.

Me kan tilby:

Fitjar kommune kan tilby ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein veksande kommune. Løn etter avtale, samt god pensjonsordning og godt arbeidsmiljø.

Dersom søkjar ønskjer å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista.

Søkjaren vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta kontakt med teknisk sjef Randi Karin Habbestad for meir informasjon, telefon 950 37 035.

Om arbeidsgjevaren:

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 175 innbyggjarar.

Avdeling for teknisk og drift har i dag av omlag 12 årsverk, og er organisert i same etat som plan- og utvikling, og landbruk og miljø. Me er oppteken av framtidsretta og effektive løysingar innan klima og miljø, der vatn- og avløp, energiløysingar og innkjøp er viktige saksfelt. Arbeidsmiljøet i avdeling for utvikling og drift er sosialt og uformelt.

Søknadsfrist 01.02.2021                                  Søknadsskjema finn du her

Anna:

Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.