Fitjarstølane barnehagen harledig vikariat i 100 % stilling som barnehagelærar frå 3. august 2020.

Fitjarstølane barnehage er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum i bustadområdet Fitjarstølane. Den har 2 avdelingar med totalt 34 barn. Barnehagen har naturen som nærmaste nabo. Uteområdet er nyrenovert med nye leikeapparat. Barnehagen har no hovudfokus mot den autoritative vaksenrolla (være saman) og eit inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Me søkjer etter ein medarbeidarar som har:

  • 3-årig barnehagelærarutdanning
  • Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
  • Fokus på utvikling og målretta arbeid til det beste for barna.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
  • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
  • God IKT kompetanse

Me kan tilby:

  • Personleg og fagleg utvikling
  • Gode rammevilkår
  • Løn etter avtale


I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til styrar Mone Nilsen, telefon 970 89 598, eller etatssjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.
Søknadsfrist: måndag 5. juli 2020.  Søk elektronisk her.