Selevik skule har ledig om lag 24 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar ved SFO avdelinga i perioden 01.08.2020 – 31.07.2021


Arbeidstida vil vera:
Måndag: kl. 13.40 – 16.00
Tysdag: kl. 13.00 – 15.30
Torsdag: kl. 07.00 – 08.15
Fredag: kl. 13.00 – 16.00

Ved SFO avdelinga vil det vera om lag 7 barn.

Me søkjer etter ein medarbeidar som har:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar – eventuelt anna relevant utdanning
  • Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig .

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personelge eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Stillinga kan kombinerast med ID 608 dersom søkjar ynskjer det.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til rektor Elisabeth Kjærland, telefon 991 63 901, eller etatsjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.
Søknadsfrist: Fredag 3. juli  Søk elektronisk her