Rimbareid skule har ledig om lag 41 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar ved SFO avdelinga i perioden 01.08.2020 – 31.07.2021.

Arbeidstida vil vera:
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag: kl. 13.10 – 16.15

Ved SFO avdelinga vil det vera om lag 50 barn fordelt i ulike grupper

Me søkjer etter ein medarbeidar som har:

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar – eventuelt anna relevant utdanning 
Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  
Evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Spørsmål kring stillinga kan rettast til rektor Trude Mathiesen, telefon 470 18 230, eller etatsjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.
Søknadsfrist: Fredag 3. juli Søk elektronisk her