Er du vår nye medarbeidar? Fitjar kommune har ledig 80 % fast stilling som helserådgjevar frå 01.09.2020.

Fitjar kommune er inne i ein spanande omstillingsfase innan helse- og omsorgstenestene. Ein søkjer å rigge tenestene for framtida, og vil styrke vårt strategiske arbeid. Vår erfarne helserådgjevar går av med pensjon, og kommunen ynskjer no å rekruttera ny medarbeidar i ei tid med ekstra stort trykk på helsesektoren grunna pandemiutvikling.
Stillinga er i etatsjef for helse- og omsorg sin stab, og har ass. funksjon for etatsjef ved denne sitt fråvær. Stillinga deltek i etatssjefen sitt leiarteam, og er sideordna med einingsleiarar.
 

Føremål med stillinga er:

Saman med etatssjef iverksetja målsetjingane for organisasjonen gjennom:

  • Arbeid med budsjett og handlingsprogram, samt oppfølging av politiske vedtak.
  • Planarbeid og oversikt over internkontroll.
  • Delta i beredskapsarbeid.
  • Utøva eit godt medarbeidarskap i samsvar med gjeldande retningslinjer gjevne av kommunen og avtaleverket elles.


Særskilte oppgåver lagt til stillinga, m.a :

  • Søkje om statlege tilskotsmidlar til prosjekt som går på styrking og prioriterte område i drifta
  • Ansvar for søknad, prosjektrekneskap og rapportering.
  • Følgje opp folkehelsearbeid.
  • Ansvar for KOSTRA rapportering på sektoren.
  • Følgje opp andre kartleggingar og rapporteringar ( meiner at vi ikkje treng vera så detaljerte).
  • Fagråd Legevakt.
  • Områdemøte Sunnhordland.


Krav til kvalifikasjonar: ( forslag om endra rekkefølge)

  • Helsefagleg utdanning på minimum Bachelor nivå.
  • Innsikt i kommunal forvaltning og lovverk på helse- og omsorgssektoren.
  • Gjerne vidareutdanning innan leiing eller anna fagområde på helse- og omsorgsfeltet.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande stilling.
  • Personlege eigenskapar: Sjølvstendig, ansvarleg, effektiv, gode samarbeidsevner.


Fitjar kommune tilbyr:

Ein spanande og utfordrande jobb.

Eit godt arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktperson:
Etatsjef for helse, sosial og omsorg, Anne Økland, tlf. nr. 909 86 971.
Søknadsfrist: 12.07.20 Søk elektronisk her