nve

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing for kraft frå land til Noa og Krafla oljefelt. Tiltaket råkar Samanger, Fitjar, Bjørnafjorden, Tysnes, Øygarden og Austevoll kommunar i Vestland fylke.

Søknaden med konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på NVE sine nettsider 

Det søkjast om ein 420 kV jordkabel frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny stasjon i Børdalen, og ein 132 kV luftleidning derifrå til eit landtak ved Ospeviki eller Barmen i Samnanger kommune. Derifrå vil sjøkablane gå via eit kompenseringsanlegg på Årskog i Fitjar kommune og ut til oljefelta. Kraftbehovet til plattformene vil være 40 MW i 2026 med ein opptrapping til 140 MW i 2029.

Aker BP og Equinor søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Konsekvensutgreiinga er utarbeida i medhald av reglane i plan- og bygningslova kap. 14 med forskrifter, og utgreiingsprogram fastsett av NVE.

Aker BP og Equinor søkjer òg om oreigningsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsel/transport.

Samstundes søkjer Aker BP og Equinor om førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde. 

I samband med NVE si høyring av konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga ønskjer vi innspel på mellom anna følgjande:

- Kva meiner høyringsinstansane om tiltaket?

- Er konsekvensane godt nok utgreia?

- Forslag til justeringar av planane for å redusere moglege negative verknader av tiltaket.

De kan sende fråsegn på ein av følgjande måter:

Via skjema for fråsegner, som de finn på NVE si nettside, eller  via e-post til uttalelse@nve.no  Merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202106086 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga.

Fråsegner må sendast til NVE  innan 31. januar 2022