Dei søkjer og om ny transformatorstasjon på Tjøreneset ved Søreid på Tysnes og omlegging av deler av eksisterande 66 kV leidning frå Langeland til Otteråi (Austevoll). Trasé for ny leidning vert tilpassa framtidig hovudvegforbinding for Vestlandet, E39. Anlegga på Tysnes søkjast utan alternativ løysning (Figur 1).

Søknaden er tilgjengeleg på NVE sine internettsider www.nve.no/20419/A 

Invitasjon til møte

NVE vil, som tidlegare avtalt, halde følgjande orienteringsmøte for lokale og regionale
styresmakter:

• Rådhuset i Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 3685 Uggdal, måndag 3. mars kl. 13.00.

• Rådhuset i Fitjar kommune,  Sjøsbrekko 1, 5419, Fitjar, tysdag 4. mars kl. 09.00.

Vi håper på brei deltaking både frå politisk leiing og administrasjonen i kommunane,
inkludert representantar for det faste utvalet for plansaker. Representantar frå
Statsforvaltaren og fylkeskommunen er med dette invitert til møta. NVE vil orientere om
handsaminga av søknaden. 

Fagne AS vil vere representert og orientere om planane.
NVE held òg offentleg møte 3. mars 2025 kl. 18. Møtet finn stad på Grendatun Kino i
Uggdal, Tysnes.

Innsending av høyringsfråsegn

NVE ber om at høyringsfråsegn vert sendt innan 31. mars 2025.

Høyringspartar kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:

- via skjema for fråsegner, som de finn på våre internettsider

- via e-post til nve@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer
202411838 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)

- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Spørsmål om saka

Spørsmål om NVE si sakshandsaming kan rettast til Guttorm Edman Jørgensen på gejo@nve.no eller på tlf. via bildetolk: 22 95 98 03. 

Spørsmål om søknaden kan rettast til Vidar Sagen-Roland i Fagne AS på e-post Vidar.Sagen-Roland@fagne.no eller på tlf. 975 56 007.