Lan1
Foto: Bente Bjelland

Helga 5-7 november arrangerer Fitjar Ungdomsråd LAN i Idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.  

Fitjar ungdomsråd er svært glade for at endeleg å kunne lage til noko kjekt for ungdom.  For å få dette til treng dei hjelp av vaksne og håpar at foreldre og andre vil vera vakter denne helga slik at dei får eit trygt og kjekt arrangement.

Me søkjer deg som er over 22 år til desse oppdraga. Aldersgruppa på deltakarane vert mellom 12 år (8. klasse)  og til 2. vgs (17år).
Ungdommar frå heile øya er velkomne.  Det same gjeld vakter!

Oppgåvene vert å passe på at alt går fint for seg, stå i kiosk, og hjelpe til der det trengst. 
Det er laga turnusordning på 4 timar per vakt. Det er høve til å ta fleire vakter i laupet av helga. Arrangementet er 100% rusfritt.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt med ungdomsrådskoordinator Bente Bjelland på tlf. 47 68 62 08 eller e-post bebj@fitjar.kommune.no.