I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.
Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.
Eigenberedskap handlar om å gjere samfunnet i stand til å handtere ei krise på best mogleg måte. Dersom flest mogleg er forberedt på å klare seg sjølv i ei veke, vil kommunen og naudetatane kunne prioritere å hjelpe dei som er avhengig av hjelp, seier brann- og beredskapsleiar Trond Helge Søreide i Fitjar kommune.
Det er lett å ta for gitt at mobilen verkar, det er straum i kontakten, reint vatn i springen, opne butikkar og at drivstoffpumpa fungerer som normalt. Det kan vi ikkje ta for gitt. Samarbeid gjerne med naboar, vener og familie, spesielt om ein bur i til dømes ein leilegheit med avgrensa lagringsplass. Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap, avsluttar brann- og beredskapsleiaren.
Kommunen sin beredskapsorganisasjon vil gjennomføre fleire øvingar denne veka. Det vil og vera ei utstilling av myndigheita si anbefaling for innhald til eit beredskapslager, i fellesarealet hos Larsen Multihandel/Spar.
SJEKKLISTE FOR EIGENBEREDSKAP - TIL NEDLASTING
Om eigenberedskapsråda
Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.
Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.