Fitjar kommune har gjennomført retaksering i 2020 i samsvar med sak 65/19 Utsett sak om retaksering eigedomsskatt, vedteke i kommunestyremøtet 11.12.2019.

Kommunestyret har vedteke at formuesgrunnlaget frå skatteetaten skal nyttast som skattegrunnlag for bustader jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Skattegrunnlaget vert årleg oppdatert etter lister frå skatteetaten.

Utskriving av eigedomsskatt for 2021 byggjer på bustadverdiar frå inntektsåret 2019.  På skatteetaten.no kan du tinge attest som syner formuesgrunnlaget for eigedomen din. 

Bustader utan formuesgrunnlag og eigedomar elles, vert taksert etter fastsette sjablongar. Desse takstane vert ståande til neste retaksering, normalt etter 10 år, med mindre det er skjedd endringar i perioden (deling av tomt, rive bygg, nye bygg eller andre monalege forandringar).

Rammer og retningslinjer for taksering 2021-2030 er vedteke av takstnemnd 19.06.2020, og kan lesast her.

Kommunestyret har i møtet 09.12.2020, sak 98/20 – Budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024, vedteke følgjande satsar for eigedomsskatt for 2021:

  • Skattesats for næringseigedomar: 6,0 promille
  • Skattesats for andre eigedomar: 2,0 promille
  • Botnfrådrag for bustad del av eigedomar (inkl. fritidseigedomar): kr 350 000

Kommunestyret har vedteke følgjande fritak for 2021:

  • I samsvar med eigedomsskattelova §7b er bygning av historisk verdi – definert som bygning registrert i Kulturminneplanen kategori A, B og C – gjeve fritak. Tidlegare gjevne fritak vert oppheva om eigedommen kjem inn under dette vedtaket.
  • Bustadhus (ikkje hytter) som er inntil 10 år gamle, skal ha halv eigedomsskatt.

Eigedomskatten vert handsama på økonomiavdelinga og vert fakturert saman med dei kommunale avgiftene. Eigedomsskatten skal for 2021 betalast i fire terminar. (Eigedomar med årleg eigedomsskatt under kr 1 000,- vil få ein årleg faktura).

Klager på takst/retting av feil

Takst frå skatteetaten:

Dersom det er feil i grunnlaget hos skatteetaten må det sendast endringsmelding til skatteetaten om dette. Meir informasjon om endringsmelding og frister for levering av desse finn ein her: https://www.skatteetaten.no/skjema/endringsmelding/