Digihjelp_750x1333

Det vil bli lagt opp til faste møtepunkt framover der opplæring vil bli gitt ut frå sentrale grunnleggjande tema.
I tillegg vil det bli lagt opp til ei ordning der enkeltpersonar kan få individuell rettleiing.

Den digitale verda er i dag kompleks. Dei fleste tilbydarar av varer og tenester legg opp til at brukarane er digitale, utan omsut for vidare opplæring.

Dette skapar høg grad av frustrasjon for dei som ikkje har dei grunnleggjande digitale ferdigheitane.

Aktuelle utfordringsbilete for mange er:

  • kjøp av bilettar,
  • reiser,
  • banktenester,
  • kontakt med offentlege instansar,
  • tinging av varer på nett,
  • nedlasting/bruk av appar osv.

I tillegg har mogelegheitane for å kommunisera med andre (familie og vener) via skype/messenger/chat/facebook m.m. utvikla seg.

Det er i dette «virvaret» av ulike mogelegheitar Fitjar kommune no vil prøva å gje personar som treng det veiledning og kompetanse til å handtera desse utfordringane.

Kommunen har rigga ei arbeidsgruppe av frivillige som vil driva dette tilbodet utover hausten og våren.