Det har vorte halde namnekonkuranse for dagsturhytta på Fitjar. Hytta har fått namnet Tveitaslottet.

Me vil med dette gratulere Mette Fitjar med namnet som gjekk av med sigeren som det beste namneframlegget på dagsturhytta.

Grunngjeving: Namnet til Tveitagarden vert ivareteken på ein god måte, slottet gjev en X-faktor i samband med bygget. Juryen meiner at dette er eit namn som vekkjer interesse og nyfikenheit slik at mange vil ta turen Tveitaslottet.

Juryen har bestått av John Karsten Raunholm, Magnar Torland, Randi Karin Habbestad og Bente Bjelland.