Feira pensjonistar og 25-års jubilantar i Fitjar kommune for år 2024

Fitjar kommune har mange tilsette som utfører ein svært viktig og god jobb for kommunen!
Kvart år inviterer Fitjar kommune dei som det året har arbeida i kommunen i 25 år, samt pensjonistar som har gått av etter lang og tru teneste i kommunen.
Måndag 03.mars hadde Fitjar kommune invitert til ei slik samling for fjorårets jubilantar og pensjonistar, på Fitjar Fjordhotell.
Her fekk jubilantar og pensjonistar samlast til god treretters middag, god stemning, drøs rundt borda og flotte talar til kvar einskild som vart heidra. Ei kjekk samling for både dei inviterte og dei som møtte frå adminstrasjonen.
På slutten av samlinga vart det utdelt gåver og blomster frå Fitjar kommune som takk for innsatsen!
Pensjonistar i Fitjar kommune 2024

Bak frå venstre: Ordførar Wenche Tislevoll, Etatssjef for samfunnsutvikling og drift Louise Pettersen, Ragnhild Helland, Hilde Karin Tufteland, Anne Kathe Helle, Magnhild Turøy, Etatssjef for Helse og omsorg Anne Økland, Kommunedirektør Steinar Dalland, Etassjef for Oppvekst og kultur André Sæthre.
Framme frå venstre: John Karsten Raunholm, Kari Jakobsen og Mona Kristin Tufteland.
Foto: Fitjar Fjordhotell
25 års jubilantar i Fitjar kommune 2024

Frå venstre: Ordførar Wenche Tislevoll, Ørnulf Botnen, Frøydis Almås, Kari Konglevoll Prestbø, Britt Lise Onarheim Volden, Etatssjef for Helse og omsorg Anne Økland, Kommunedirektør Steinar Dalland og Etatssjef for Oppvekst og kultur André Sæthre.
Foto: Fitjar Fjordhotell
Sist oppdatert