Ledige stillingar på Sunnhordland interkommunale legevakt

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune, og har no fleire ledige stillingar for sjukepleiarar:
 


  • 1 faste stilling i 50% for sjukepleiar på natt. Arbeidsstad både legevakt og IDA. Ledig frå snarast.
  • 1 fast nattevaktstilling i 65% på døgnavdeling IDA. Oppstart 23. september 2024.
  • 3 faste helgestillingar 13.75% i 3-delt turnus legevakt (turnus har mulighet til langvakter og arbeid kvar 4. helg), ledig frå snarast.
     

Søkjer du ein interessant  jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss. 

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.

Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelingane i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta eller er inneliggjande i døgnavdeling IDA. 

Nattevaktstilling innebærer sykepleieroppgaver på legevakta saman med ansvarlige legevaktssykepleiarar på vakt. Etter kvart blir det også mulighet å få opplæring i legevaktsystem inkludert telefonsvar.  Det blir også mulighet å lære seg opp telefonhåndtering hvis ønskelig frå søker. 

SIL dekker akutt-teneste for om lag 35 000 innbyggarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. I avdelingane har ein eit høgt fagleg miljø med god sjukepleiedekking og tett samarbeid med vaktlege og avdelingsoverlege. Ein utføre laboratoriearbeid i tillegg til mykje medisinske og kirurgiske prosedyrar.

 På døgnavdeling IDA yt ein behandling etter ålmennmedisinske metodar. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad der ein nyttar norsk medisinsk index.

Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:


  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • 2 års erfaring er ein føredel.
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Har gode datakunnskaper.
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
  • Fleksibilitet.
  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
  • Evne til å samarbeida tverrfagleg.
  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit. 

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me tilbyr:


  • Løn etter tariffavtale
  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
  • Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
  • Ei avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
  • Internundervisning
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Medlemskap i Stord ve og vel 

Om søknad, søknadsfrist og kontaktinformasjon

 

Søknadsfrist: 01.09.2024

Søknad: Elektronisk søknad sendast innan fristen ved å gå inn på ID 2236 Sjukepleiarar - Sunnhordland interkommunale legevakt - arbeidsplassen.no (nav.no) Lenke til et annet nettsted.

Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med:


Dagleg leiar: Agata Kapuscinska

Telefon 40729263
Epost:  agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no

 



Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?