Tiltak og bekjemping av Landøyda

Landøyda er ein fleirårig stor og lett synlig plante i krogplantefamilien. Den kan bli frå 30 cm til over ein meter høg. Den blomstrar frå juli og utover. Frøa har fnokk og spreier seg lett med vinden. Typiske vokseplassar er i vegkantar og i kystnære storfebeite. Heile planta er giftig og kan gi leverskade hjå storfe og særleg hest. Sau og geit toler gifta betre og held planta i sjakk.
BEKJEMPING
Landøyda kan rivast opp for hand om ein berre har enkeltplanter. Planta kan gje kontakteksem og er giftig, så bruk hanskar ved kontakt med planta. Det kan vera ei god tid i starten av bløminga når plantene er lett synlege. Unngå at plantene blir liggande igjen og setta nye frø. Ikkje la avkutta planter ligga igjen der dyra beitar.
Planta kan også hoggast/kuttast før frøsetting. Unngå frøsetting frå avkutta planter.
Før blomstring og før plantene får lang stengel, mai og første del av juni, kan vera ei god tid for kjemisk behandling i område med mykje landøyda. Dei mest aktuelle midla er Gratil og mekoprop[1]preparat (Mekoprop Nufarm, Duplosan Meko m.fl.) el. mekoprop-haldige preparat (Duplosan Super). Fluroksypyr-haldige preparat (Starane XL, Flurostar m.fl) kan gi brukbar verknad ved gunstige forhold.
Sist oppdatert