Feil ved fakturert eigedomsskatt

Eigedomar med årleg eigedomsskatt på mindre enn kr 300 skal ikkje fakturerast for eigedomskatt, men det er diverre skjedd ein feil, slik at nokre slike eigedomar er fakturert for eigedomsskatt likevel. Desse vil bli kreditert rett over påske. 

Eg har årleg eigedomsskatt mindre enn kr 300, og er fakturert eigedomsskatt for heile året, kva gjer eg? 

  • Består fakturaen av berre eigedomsskatt, så kan du slette denne fakturaen.  
  • Består fakturaen av fleire kommunale avgifter, så kan du trekkje frå beløpet som gjeld eigedomsskatt når du betaler fakturaen 

Eg har årleg eigedomsskatt mindre enn kr 300, og er fakturert eigedomsskatt for 1.kvartal (mindre enn 75 kr for kvartalet) kva gjer eg? 

  • Består fakturaen av berre eigedomsskatt, så kan du slette denne fakturaen.  
  • Består fakturaen av fleire kommunale avgifter, så kan du trekkje frå beløpet som gjeld eigedomsskatt når du betaler fakturaen. 

Eg har allereie betalt, kva gjer eg? 

  • Dersom du forventar fleire fakturaer for 2024, så kan beløpet trekkjast frå på neste faktura. 
  • Dersom du ynskjer beløpet tilbakebetalt, send ein e-post til okonomi@fitjar.kommune.no Åpnes i nytt vindu. med kontonummer og Gnr/bnr for eigedomen, alternativ kan du ta kontakt på telefon til 53 45 85 00.  

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?