ID 832 Fritidskontaktar for born, ungdom og vaksne
Fitjar kommune treng fleire fritidskontaktar til barn, unge og vaksne
Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld, helger eller dagtid. Timetalet kan variere frå 3-6 timar i veka. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.
Kvalifikasjonar:
- Du bør vere over 18 år og villig til å forplikte deg over tid
- Gode norskkunnskapar
- Du bør ha sertifikat
Personlege eigenskapar:
- Du ynskjer å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
- Du er ansvarsfull, tolmodig, fleksibel og kreativ
- Kunne sette grenser for deg sjøl, tjenestemottaker og evt.andre
Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera fritidskontakt.
Arbeidsoppgaver
- Legge til rette for at tjenestemottaker får ei meningsfull fritid ut fra forutsetninger, ynskjer og behov som til dømes:
- Gåturar, kafebesøk, besøk i symjehallen, trening, kulturaktiviteter eller følgje til organiserte fritidstilbod
- Bli kjend med nye mennesker og miljø, oppleve eit fellesskap
- Gi støtte og motivasjon
For oppdraget gjeld:
- Godtgjersle etter gjeldande satsar for fritidskontaktar
- Køyregodtgjersle
- Utgiftsdekking på kr 200,-
Gyldig politiattest må leggjast fram.
Har du spørsmål om oppdraget kan du ta kontakt med sakshandsamar Målfrid Hallaråker på tlf: 469 13 015.
Søknadsskjema finn du her Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert