Årskog er ein liten og koseleg barnehage som ligg i Årskog, i tilknytning til Årskog museum, om lag 1,5 km nord for Fitjar sentrum, med stort fokus på relasjon, leik og ulike uttrykksmåter.
Om barnehagen
Barnehagen er ei stor avdeling der alle borna får gleda av å læra av kvarandre. Me har eit flott uteområde med knausar og berg, i tillegg til dei vanlege leikeapparata ein finn i ein barnehage. Uteområdet er flott for motorisk utvikling og innbyr til kreativ leik kvar dag! Me har eigen lavvo i nærleik til barnehagen som me nyttar ofte.
I tillegg ligg me med nærhet til skog og sjø og brukar nærområdet mykje. Vår næraste nabo er ein bondegard med sauer og storfe, der me ofte er innom eller kikkar på det som foregår gjennom året på ein bondegard.
Borna får servert tre måltid om dagen i tillegg til frukt kvar dag. Varm mat minst ein gong i veka.
Barnehagen vart starta i 1986, i eit brunmala hus mellom Fitjar og Sandvikvåg. Barnehagen vart skipa av foreldre og har vore drevet av foreldre sidan. Foreldra sit i barnehagen sitt styre og har dermed moglegheit for påverke barnehagens daglige drift. Barnehagen er medlem av Private Barnehagers Landsforbund (PBL).
Nøkkeltal
Me har 18 plassar i barnehagen.
5 tilsette inkludert styrar.
Til saman er det 3,35 årsverk. Styrarstillinga utgjør 35% som styrar og 65 % som pedagog. I tillegg til styrar si pedagogstilling er det 135% pedagogstilling, 80% fagarbeiderstilling og 20% assistent.
Mesteparten av dei tilsette hjå oss har over 15 års erfaring i nettopp denne barnehagen.
Barnehagens satsingsområde
Relasjon, leik og ulike uttrykksmåtar
I Årskog barnehage legg me stor vekt på relasjonsdanning, både mellom barn og vaksne og barn og barn. Me har som mål at alle barna skal ha ei kjensle av å vera verdifulle i seg sjølve, og å vera ein verdifull del av fellesskapet. Barna i barnehagen er kvarandre sine støttande stillas, på kryss og tvers av alder. Barna lærer av kvarandre, og me vaksne lærer saman med dei. Verda skal utforskast i fellesskapet vårt. Dei vaksne skal møta kvart barn med god tid til leik og samtalar, og gje dei ei kjensle av å verta anerkjend og teke på alvor.
Leiken er barna si eiga verd. Den er deira naturlege måte å læra på, og deira naturlege måte å vera på. Gjennom leiken får barna moglegheit til å bearbeida inntrykk og kjensler. Barna vert kjent med seg sjølve og andre, eigne og andre sine grenser. Leik er ein måte å utvikle sosial kompetanse på. Me leiker både inne og ute i barnehagen. Uteområdet til barnehagen er med fjellknausar og klatretrær lagt tilrette for barnas motoriske utvikling og boltreleik.
Innebakt i ulike uttrykksmåtar ligg både leik, verbalt og kroppsleg språk, musikk, estetiske uttrykk og mykje meir. Gjennom kommunikasjon kan barna danne relasjonar. Me trur barna lærer språk av å høyre det, men mest av å bruke det. Derfor vektlegg me i stor grad kvardagssamtalen med barna, og prøver å utnytta dei fleste situasjonar i barnehagen, som ein moglegheit til språkstimmulering. Dei vaksne i barnehagen nyttar mykje munnleg forteljing i arbeid med språk og legg gjerne på dramatiske verkemiddel.