Kriteria for kulturprisen:

1.Prisen kan tildelast lag, organisasjonar eller einskildpersonar innan alle kulturgreiner. Til dømes kulturarbeidarar kulturelle organisasjonar, kunstnarar og organisasjonar og personar som legg til rette idrett -og friluftsliv.

2. Kulturkontoret skal ved annonsering ein gong i året be om framlegg til kandidatar til prisen.

3. Formannskapet som kulturstyre peikar ut kven som får prisen.

4. Tildelinga er endeleg og kan følgjeleg ikkje endrast.

5. Sjølve tildelinga kan finne stad ved eit høveleg arrangement i Fitjar i same år som den politiske handsaminga av prisen finn stad.

6. Formannskapet kan komma med eigne framlegg om kandidatar til prisen, både innan oppgjeven tidsfrist og som framlegg i møte.

7.  Prisen vert gjeven for aktiv frivillig kulturarbeid over lengre tid eller for særleg gode einskildtiltak.

Framlegg til kandidatar kan sendast på e-post til fitjar@fitjar.kommune.no eller til Fitjar kommune v/kulturkontoret, Postboks 83, 5418 Fitjar. Ved spørsmål ta kontakt med kultursjef Bente Bjelland tlf 47 68 6208.

 

Frist: 30. september 2022.