Fitjar har ein vakker skjergard som er mykje i bruk og folk er hjertleg velkomne her!

Med Fitjarøyane sine smale sund, holmar og skjær er det viktig å avpasse fart, og at ein tek omsyn til andre. Alle har forventning om og krav til trygg ferdsel på sjøen.

Om bruk av vannscooterTore1_229x408.png

Eit nytt element for leik og sport er vannscooter. Noreg hadde fram til 2013 forbod mot vannscooter. Fram til 2017 var det ei eiga forskrift for vannscooter, og det er no same krav til vannscooter som til fritidsbåtar.

Nasjonale reglar er kort opp summert (heimla i småbåtloven mfl.)

  • Fører av vannscooter skal utvise varsemd og avpasse farten etter forholda
  • Vannscootere som passerer innanfor ein avstand av 50 meter frå stader der bading på går, skal ikkje gå med større fart enn 5 knop
  • Alle brukarar av vannscootere skal vera iført flytevest
  • Har vannscooteren meir enn 10 hk må føraren vera fylt 16 år
  • Har vannscooteren meir enn 25 hk, skal førar født 1. januar 1980 eller seinare ha båtførarbevis.
  • Skal ein ha eiga kommunal forskrift for vannscooter, må denne omhandla tryggleik og støy, friluftsliv, rekreasjon, dyre- og fugleliv. Fitjar kommune vil vurdere dette basert på erfaringar dette året.

Huskeliste for branntryggleik i fritidsbåt;

  • Overnattar du i båten rår me til å ha gassvarslar, CO-varslar og røykvarslar. Propanlekkasje, kolosforgifting og brann er reelle farar i båt.
  • Monter både røykvarslar og gassvarslar i båten og sjekk at dei verkar. Kolosgassen er luktfri og vanskeleg å oppdage.
  • Ha minst eitt 2-kilos brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg i båten
  • Ha alltid flyteutstyr tilgjengeleg og klart til bruk dersom du må forlate båten
  • Fortøy båten i god avstand til andre båtar slik at den lett kan løysast ut om ein brann skulle oppstå
  • Gassanlegg og koke- og varmeapparat må installerast, kontrollerast og reparerast av fagfolk. Ver oppmerksam på gasslekkasjar.                                      
    stopp motoren straks du merkar lekkasje.
  • Sjekk det elektriske anlegget og elektriske apparat. Pass særleg på at leidningar ikkje er skada.
  • Eldsfarlege væsker må oppbevarast i godkjente kanner og sikrast mot slingring
  • Søl ikkje med drivstoff eller olje. Stopp motoren, sløkk sigarettar og open flamme før påfylling av bensin eller olje.
  • Bruk ikkje choke i utide
  • Steng alle utløp for bensin, gass eller olje når turen er avslutta